Eit helseinformasjonssystem samlar inn opplysningar om stoda til folkehelsa. Når du vert vaksinert, behandla for ålvorlege smittsame sjukdomar eller får astma, vert det ført inn i ein diger database slik at styresmaktene kan betra helsestellet i landet. Det er dette HISP driv og lagar.
Men HISP er ikkje noko kommersielt føretak. Det er drive av forskarar ved Universitetet i Oslo, og programmet DHIS vert gjeve bort gratis med open kjeldekode (open source). Difor er det ideelt for land i den tredje verda.
Jobben min i dette er å gjera slik at DHIS kan snakka saman med diverse andre databasar. I fyrste omgang gjeld dette ein vaksinasjonsdatabase som er drifta av WHO. Seinare skal eg jobba med HIV/AIDS-system og tuberkuloseprogramma. Arbeidet eg gjer skal eg forska på og skriva om i ei masteroppgåve som skal leverast i mai 2009.
Eg spurde ikkje gutane på biletet om dei er vaksinerte. Men eg vonar at eg ein dag på ein eller annan veldig indirekte måte vil ha gjort liva deira litt betre.
Imponerande. Din tidvis barndomshelt og nokre gongar “anti-trust” motstander Gates og du båe to jobbar med vaksinasjonsarbeid.
Ja, og Gates-fondet er også grunnen til at vi vart sparka ut or Etiopia (sjå teksta om Seid på sida om hovudrollene). Dei stødde eit kommersielt system som stort sett var eit rip-off av systemet vårt (som er heilt ope) og dessutan kosta mange titals millionar.
Dimed vart nokre heldige personar i det etiopiske helsedepartementet mykje, mykje rikare enn om dei hadde bruka vårt gratis-system. Så ja, Gates og eg har mykje til felles, bortsett frå korrupsjonsstønaden.