Ei fullstendig og noggrann oppramsing av sambuarane:

JohnJohn

Ein kosmopolitt av rang (med lang afrika- og noregsrøynsle) og den livligaste medlemen av gjengen. Kjem frå Bangalore og talar åtte språk. Idug på pokerspel og festing, men skarpt fokusert på arbeidet med å fremja HISP i India.

Favorittuttrykk: “Stupid people.”

BharathBharath

Røynd og hardtarbeid hjørnestein i utviklarlaget, og meisterkokk med røynsle frå både sørindisk og nordindisk mat. Kjem frå IT-byen Hyderabad i Andhra Pradesh. Idug på cricket og lærte meg alt eg veit om spelet.

Favorittuttrykk: “It is good for health.”

Seid

Seid

Den andre utlendingen på laget. Saman går han og eg rundt og ser på det indiske samfunnet med undrande (men velviljuge) augo. Er i “eksil” frå Addis Abeba etter at korrupsjon tok knekken på HISP i Etiopia. Trufast tilhengjar av Manchester United og french toast.

Favorittuttrykk: “We’re leading by two goals!”

2 kommentarar til “Hovudrollene”

  1. Signhild sa

    Men kjære deg, du har gløymt den viktigaste hovudrolleinnehavaren: deg sjølv! :)
    Klem

  2. lastorset sa

    Eg sjølv har ei heil eiga side. :) Sjå Om bloggen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.