Eg kom til India for å gjera eit case study i dataintegrasjon mellom helseinformasjonssystem. Høyrest det meir keisamt ut enn handtørrarar på offentlege toalett? Tja, dersom eg lukkast vil tusentals helsearbeidarar i India spara mykje tid…og kanskje redda nokre liv. (Les meir om kva eg gjer på.)
Arbeidet vert gjort som del av eit globalt nettverk som heiter HISP (Health Information Systems Programme), med folk i Sør-afrika, Sierra Leone, Vietnam, Noreg, og så bortetter. Det gjer at dei fleste eg jobbar med er føredøme på kosmopolittar og har budd i fleire land enn eg trudde var mogleg. Eg jobbar og søv på eit kontor utanføre Delhi med tre andre.
For min del er eg ein masterstudent i systemutvikling ved Universitetet i Oslo. Eg voks opp på Tingvoll på Nordmøre og har studert eitt år ved Cal Poly i San Luis Obispo, California. Eg fór til India for å drikka krydderte og læra 23 språk. Ja, eller i alle fall litt hindi.
Biletet øvst er frå Qutb-minaren i Delhi. Copyright: meg. Portrettet er ved Einar Faanes (sjå løyve av typen CC-BY-NC-SA).
Ordliste
- maidāna plass
- chai dukāna chai-bu
- masālā chai krydderte med ingefær og kardemomme