Cricket i maidānaen

7.3.2008

img_1443-1.jpgDet går bra med landslaget i cricket, med seier over Australia i går og allting. Når du er ferdig med feiringa kan du spela cricket med oss i maidānaen etterpå. Vi tok til å spela om ettermiddagane som løn for arbeidsdagen, og når vi spelar kjem det allvegen gutar og karar i grenda for å spela med.

Det er eit ganske innfløkt spel. Eg er glad eg lærte rumpeldunk og baseball fyrst. Slåballrøynsla frå barneskulen hjelper litt, og eg byrjar å få taket på det no, med god hjelp frå ekspertane John og Bharath.

Nasjonalidretten til India er den gode fylgja av det britiske herreveldet (den dårlege er altså sirupsbyråkratiet). Unge og gamle spelar med. Den yngste vi har spelt med er 7, den eldste 47.

Sjefen vår er idug tilhengjar og planleggjer arbeidet slik at han får med seg kampane, til tross for at dei varar i timesvis. Oftest kjem ein opp på 200-talet føre det er snakk om å vinna spelet. Langdraget minnar litt om baseball – faktisk sa folk i California til meg at ein går på kamp mest for å hengja med venene, og ikkje for det sportslege.

For oss sportsheltane på HISP-kontoret er det i alle fall for moro skuld det går føre seg. Ja, og så for at vi datafrikane skal få bakdelen laus frå stolen føre han gror fast!

Ei tilbakemelding til “Cricket i maidānaen”

  1. Me ventar på uppdatering! No dreg eg snart ned til Sør-Afrika. :)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.