Ved chaibua
1.3.2008
Då Bharath bad meg verta med og få litt masala chai vart eg småskjelven av von. Ikkje berre skulle eg få ei pause frå analyse av udokumenterte vaksinasjonsdatabasar, men eg skulle også i dag få smaka den guddomelege drikken. Eg skunde meg ut.
Tebua, som dei kallar chai dukāna, er berre eit par minutts slentring frå kontoret, og vi greier oss ikkje utan ein tur dit dagleg. I dag kjøpte eg masala chai, krydderte, for tre rupi og ein kjeks for ein rupi (13 øre), noko som er mindre enn eg har betala for noko i heile livet. (Hittil har rekorden vore BUGG for 50 øre tidleg på nittitalet.) Etterpå stakk vi mot egglefsebua.
Delhi/Noida/Ghaziabad er eit av dei største byområda i verda, og einkvar har vel sett europearar før, om berre på TV. Likevel må det vera sjeldant nok, for det kvite andletet mitt får meir enn sin del lange blikk der eg går nedover gata. Ikkje at eg plagast veldig med det. Faktisk er det moro med litt merksemd.
Eit par tenåringar ved egglefsebua vedda om eg var inder eller ikkje og freista tala til meg på hindi. Eg vart litt perpleks, men Bharath forklårte at kashmirarar faktisk kan vera ganske ljoshuda. Det er kanskje heldig å ha svart hår. Du vert teken for innfødd over heile verda!
Åh, du veit ikkje kor ofseleg stor utreisehug eg fekk no! Mamma reiste lengje i India for ein 10 år sidan – so eg hev fengje mange historiar um det landet i uppveksten
Herlege innlegg, du skal få ein fin plass i nyhendelesaren min