På ferie i Kerala
16.3.2008
Cricket i maidānaen
7.3.2008
Det går bra med landslaget i cricket, med seier over Australia i går og allting. Når du er ferdig med feiringa kan du spela cricket med oss i maidānaen etterpå. Vi tok til å spela om ettermiddagane som løn for arbeidsdagen, og når vi spelar kjem det allvegen gutar og karar i grenda for å spela med.
Det er eit ganske innfløkt spel. Eg er glad eg lærte rumpeldunk og baseball fyrst. Slåballrøynsla frå barneskulen hjelper litt, og eg byrjar å få taket på det no, med god hjelp frå ekspertane John og Bharath.
Nasjonalidretten til India er den gode fylgja av det britiske herreveldet (den dårlege er altså sirupsbyråkratiet). Unge og gamle spelar med. Den yngste vi har spelt med er 7, den eldste 47.
Sjefen vår er idug tilhengjar og planleggjer arbeidet slik at han får med seg kampane, til tross for at dei varar i timesvis. Oftest kjem ein opp på 200-talet føre det er snakk om å vinna spelet. Langdraget minnar litt om baseball – faktisk sa folk i California til meg at ein går på kamp mest for å hengja med venene, og ikkje for det sportslege.
For oss sportsheltane på HISP-kontoret er det i alle fall for moro skuld det går føre seg. Ja, og så for at vi datafrikane skal få bakdelen laus frå stolen føre han gror fast!
Ved chaibua
1.3.2008
Då Bharath bad meg verta med og få litt masala chai vart eg småskjelven av von. Ikkje berre skulle eg få ei pause frå analyse av udokumenterte vaksinasjonsdatabasar, men eg skulle også i dag få smaka den guddomelege drikken. Eg skunde meg ut.
Tebua, som dei kallar chai dukāna, er berre eit par minutts slentring frå kontoret, og vi greier oss ikkje utan ein tur dit dagleg. I dag kjøpte eg masala chai, krydderte, for tre rupi og ein kjeks for ein rupi (13 øre), noko som er mindre enn eg har betala for noko i heile livet. (Hittil har rekorden vore BUGG for 50 øre tidleg på nittitalet.) Etterpå stakk vi mot egglefsebua.
Delhi/Noida/Ghaziabad er eit av dei største byområda i verda, og einkvar har vel sett europearar før, om berre på TV. Likevel må det vera sjeldant nok, for det kvite andletet mitt får meir enn sin del lange blikk der eg går nedover gata. Ikkje at eg plagast veldig med det. Faktisk er det moro med litt merksemd.
Eit par tenåringar ved egglefsebua vedda om eg var inder eller ikkje og freista tala til meg på hindi. Eg vart litt perpleks, men Bharath forklårte at kashmirarar faktisk kan vera ganske ljoshuda. Det er kanskje heldig å ha svart hår. Du vert teken for innfødd over heile verda!